fredag 18. september 2009

Tunisia

For eit par år sidan gjekk eg på ein Kristen Vidaregåande Skule. Framnes heitte han. Framnes sendere enn så lenge elevane sine på studiturar til mellom anna Tunisia, Chamonix, Tyskland og Skotland. Hausten 2007 var eg så heldig å få oppleva å vera med på ein av desse turane. Eg budde på rom med nokre gutar den siste veka. Tre gutar for å vera heilt matematisk korrekt. Det er forskjell på nokre og tre, berre les juleevangeliet. Eg hugsar eg tenkte at dette må då vera ganske spesielt. Det at me fire skulle få vera samla på same hotellrom ei heil veke, og attpåtil i eit muslimsk land i Afrika. Tanken kunne ikkje la vera å koma då eg budde på dette rommet denne veka; Kor kjem desse 4 gutane(3+meg sjølv)til å enda opp i livet. Den tanken kjem stadig snikande att. Eg klarar ikkje sleppa han, for det var ikkje så reint lite refleksjon som var samla mellom fire veggar på Rosa Beach Hotel sitt rom nummer trhundreogettelleranna den veka.

No skal eg atter ein gong til Tunisia. Denne gongen skal eg bu på rom med ein Master i samanlignande politikk. Denne masteren har nok brukt nokre timar i Frank Aarebrot sitt nærver.

Det er noko spesielt med Tunisia og refleksjon.

Eg gler meg, sjølv om eg skulle ønskt Johanna kunne vera der denne gongen også!

3 kommentarer:

Ragga sa...

Dette er særs sant. Det er noe med at en reflekterer mer når man er på et ukjent sted og der en må stole mer på Gud. Jeg liker Tunisia og Jordan og sånt. Men å ligge under åpen himmel i Sahara er veldig spesielt. Et av mine beste øyeblikk så langt. Gud er stor!

J sa...

Det var ein veldig spesiell tur i ørkenen. Stjernene... Utruleg!
Forresten fleire som skulle ynskt Johanna kunne vera med ;)

Andreas sa...

Hmm, eg er glad de ikkje skjønte kva eg eigentleg meinte...