tirsdag 15. september 2009

Radikal

Eg likte å vera på outreach. Eg likte den kvilelause livsstilen. Reisa rundt fra stad til stad og forkynna evangeliet. Ikkje bry seg så mykje om kor ein skulle bu, sova eller kva ein skulle eta. Leva enkelt og ha som si hovudoppgåve kvar dag å evangelisera. Reisa med buss, til fots, til hest eller kanskje haika? Planta kykjer her og der. Disippelgjera. Leva kristendom. Leva som ein disippel. Tena fattige, fangar, enker, born, utstøtte. Eit enkelt og kvilelaust liv, men likevel fylt av fred. Sova på golvet ein plass. Sova i ei seng ein plass. Sova litt her og litt der. Alltid omgitt av menneske. Aldri i fred. Det er eit fint liv, men det går ikkje i lengden. Og det er vanskeleg å leva i Norge. Eg traff ein meksikanar ein dag. Han reiste rundt i Europa på eiga hand for å finna seg sjølv. Kva han leita etter skjøna ikkje eg, for han var jo rett der framføre meg. Rare desse meksikanarane. Han levde altså eit slikt liv. Eit kvilelaust liv. Hoppa frå sofa til sofa som han sa, men i Norge kunne han ikkje bli. Det hadde han ikkje råd til. Det var alt for dyrt. Sofasurfing var det han dreiv med og det er gratis, men maten var så dyr. Han måtte få seg arbeid om han skulle fortsetta å bu her. Svart då sikkert tenkte eg.

Denne meksikanaren har fått meg til å tenkja denne natta når eg no sit her. Kvifor er det ikkje fleire av oss som reiser på denne måten? Kvifor finn me oss ikkje ein eller fleire å reisa saman med? Eg reiste slik i eit år, i Norge, i Europa og i Afrika. Det var fint. Eg likte det. Det er jo det vi er kalt til å gjera er det ikkje? Å reisa ut i all verda for å forkynna evageliet til alle folkeslag? Men det er jo så mykje som binder oss, som vi berre skal først. Relasjonar bind oss, økonomiske oppgåver bind oss, arbeid bind oss. Tenk å kunna reist, ein eller to saman; forkynt evangeliet; levd av det Gud gav. Sprøtt vil nok mange sei, men det er jo ingen ny tanke. Det er jo ein bibelsk tanke. Det var jo slik apostlane og dsisiplane levde; kvilelaust men likevel fulle av fred, Guds fred. Og det var den dei forkynte og helsa husa dei kom til med.

TENK Å HA EI RØRSLE AV UNGE MENNESKE SOM LEVER KVILELAUST OG REISANDE FRÅ STAD TIL STAD MEN LIKEVEL ER FULLE AV FRED. EI RØRSLE DER ALLE HJELPER KVARANDRE OG STØTTAR KVARANDRE OG GJER KVARANDRE DET DEI TRENG. DET VIL EG HA. VIL DU GJE LIVET DITT? EG VIL GJE MITT. DET ER BERRE SÅ MYKJE SOM BIND MEG FAST.

3 kommentarer:

Hakon Plask Lyngoy sa...

AMEN! Eit lite innblikk i laereplanen til Bethel School of Supernatural Ministry: Eg skal proeva aa gaa gjennom veggar. Inspirert av Jonathan David Helser ynskjer eg at Gud skal gaa gjennom mine veggar.

Simon Amundsen sa...

Dette var et utrolig bra innlegg!! Det synes jeg virkelig! Dette fikk meg til å bli inspirert og engasjert i å leve for Gud. Den tanken har jeg hatt mange ganger g har den fortsatt; "Leve for Gud, forkynne jesus, gi folk glede ved under utført av den hellige ånd.. osv. Du nevnte det med fred. Ja, i det siste har jeg måtte finne min fred med Gud. Jeg anstrengte meg for å lære om han og hadde aldri pause en periode. Nå går det bedre. hvorfor ikke lære avslappet om Han hehehe.. Å som jeg ønsker, håper, vil leve for Gud og gjøre det han har kalt meg til. Men så er jeg jo så sjenert... Men egentlig har jeg ingenting å frykte.. han er jo med meg.. dumme meg hehehe...Bra innlegg andreas! :)

. sa...

ja, AMEN her òg! å lesa det der akkurat no batydde meir for meg enn du e klar over! takk skal du ha! Gud er god!
kjem du til arna snart? reiser opp til tamte sølvi og blir noen dager, hadde vært kjekt å sjå deg før eg reiser...