søndag 26. oktober 2008

Friends forever?

Akkurat no i kveld innsåg eg ein ting: For første gong i livet trur eg at eg saknar nokre andre enn Johanna; Eg saknar venane mine, eg saknar familien min. Eg saknar alt me gjorde saman. Det er ganske rart å ikkje kunna venta med å treffa dei att. Ha ei kribling i magen som seier at eg gler meg skikkeleg. Spørsmålet er berre; korti skal det eg gler meg til henda. Har det siste året vore fylt med så mykje at dei venane eg no saknar kan vera borte for alltid? Eg vonar ikkje det. Sjølv om det kjennest ut som om eg har mista nokre av dykk pga vegvalg og prioriteringar gjort av meg og dykk. Eg får litt ilt inne i meg når eg tenkjer på det.

Eg saknar mor og far, eg saknar søster og bror. Eg saknar mormor, farfar og farmor. Eg saknar Roger sitt intellekt. Eg saknar Andreas si fantastiske evne til å fikse alt. Eg saknar Håkon sin visdom. Eg saknar Hilde sine smil og lure idèar saman meg Johanna. Eg saknar Malin sine dialektetterlikningar og "fornever." Eg saknar Christopher sin ærlege utsagn på tomannshand. Eg saknar Joakim sine treffande kommentarar. Eg saknar Janne sin enorme kjærleik. Eg saknar Henriette sin eventyrlyst og spontanitet. Eg saknar Mari og Margrete sine kreative latterbrøl...

Mange nemnt og mange gløymd, men eg måtte berre...

9 kommentarer:

Anonym sa...

Du er selv svært savnet Andreas! Gleder meg til helgen:)

Joakim

Anonym sa...

Friends forever! Definitivt!
Klem fra Malin

Hilde sa...

Sier meg enig med Malin, ja!

Håper vi sees i helga, jeg savner deg og Johanna MASSE!

Linn Borgny sa...

Hei Andreas!
Dumpa innom bloggen din eg..
Mykje bra og lesa, og spesielt dette innlegget synes eg var fint. Det er kjekt når gutar viser kjensler veit du;P
Håpar det er greit at eg legg deg til som lenkje så kan eg fylgja litt med på det som skjer..
Korleis har de det der borte?

Framnes saknar sin ugløymelege misjonsprosjektledar!!

Øyvind Bye sa...

gikk med mye av de samme følelsene da jeg gikk på dts.. men det er vakkert og godt da, er det ikke?

Roger Drange sa...

Ditto, Andreas. Frå meg og mi. Alltid her for deg. Alltid sakn til deg.

Synd eg ikkje fekk gje deg ein kopp i helga. Kaffien står alltid på for deg.

Alltid.

Mange vegval førte oss bort frå kvarandre. Men eg kjenner at vegane kom til eit kryss. Der dei gjekk saman. Vart ein større veg. Me har same målet for reisa. Begge to køyrer bilen på den same vegen no. Sjølv om me er på ulike stadar på vegen. Vonar me kan ta ein rastepause i lag snart.

Anonym sa...

Du gode, gode andreas. Eg savner deg òg, din positive innstilling, din evne til å tenke stort og se muligheter i alt og alle. Dine gode klemmer og oppløftende ord. Dine "det var jo akkurat det eg meinte" utsagn. Det e ingen her som går i bosset og leiter etter flasker.. Og eg e så takknemlig for at vi ikkje skal miste kontakten! Gud velsigne deg
god klem fra Janne

Jan Tore sa...

Andreas, du skriv uvanlig bra. Herlig lesing!

Utbyttet av sakn er litt undervurdert trur eg. Når du saknar får du sjå kva du faktisk set pris på og betyr noko for deg, og det kan kanskje vere bra i ny og ne, sjølv om det er kjipt. Det er iallfall verdt å håpe på det..

God jul!

Anonym sa...

Nokre år tilbake dykka eg litt inn i tematikken rundt lukka og lengta, eller "lykken og lengselen" som det vel gjerne vert kalla. Det var ganske interessant og kan på mange måtar anbefalast.