fredag 12. desember 2008

Å skriva om å leva

Natta 26. oktober hugsar eg godt. Eg satt oppe i ei stove som ikkje var mi, og skreiv om kjensler eg ikkje visste eg hadde. Mykje har forandra seg sidan; eg trur kanskje eg har teke meg saman.
No gler eg med til den verkelege verda. For at denne gleda skal vera så stor som mogleg når ho kjem har eg bestemt meg for å følgja opp det som vår gode ven og vismann ein gong sa: ”Kva om du har eit enormt uoppdaga potensial som du ikkje oppdagar, berre fordi du ikkje gidd?” Eg byrjar å skjøna mykje meir av kva denne vismannen skjøna allereie i ung alder, då eg framleis gjekk på krykker og kasta slippersar.
Noko som traff meg midt mellom hjarteklaffane her ein dag, var ein film som heiter Guds finger. Han overbeviste meg om at bibelens bodskap er eit reint kjærleiksbodskap, så ikkje ver redd. For verken englar eller demonar kan skilja deg frå denne kjærleiken. Heller ikkje fortida, eller framtida. For denne kjærleiken er større enn alt dette.
For å seia litt om livet så byrjar eg å få draumar att. Draumar og utfordringar og kjensla av å lukkast og av velsignelse. Det er godt.

No er det snart jul og ingen gåver har endå vorte handla.

For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Roger Drange sa...

Kvifor skal ein ta seg saman?

Anonym sa...

Kven er vismannen?