søndag 22. april 2007

Sitat


Livet går i djupe bølgedalar, og stundom er det sabla mørkt, men så byrjar oppoverbakken og det er då det går og suser oppover dalsida som på ein hesterygg kanskje. Når ein så når toppen er det fantastisk og lyset veller mot deg som det allereie har gjort i heile oppoverbakken, men no i full kraft. Det er då ein skjønar at ein ikkje kan leve i desse kvite augneblunkane, det er umogleg, men ein kan ta dei med seg. Gøyme på dei, og ta dei fram når det er som mørkast nede i dalsøkket igjen. Det er jo også slik at nokre gongar har dalsida ei anna form enn vanleg, plutseleg har eit elvefar fura henne og tatt med seg alt av laust og fast materiale slik at berre glatt fjellberg er igjen. Då går det fort mot bunn, og det er i desse gjela det er som mørkast. Men sjølv om det er mørkt og sola ikkje når ned, kan ein sjå Himmelen langt der over seg. Med alle dens små lyse punkter. Lyspunkter. Då kan ein drøyma seg tilbake til den toppen der flommen av lys slo i mot ein som om det skulle ha vore sjølve havet som opna seg over ein.




For så høyt elsket...


1 kommentar:

Anonym sa...

Gøtt sagt Sørås, viktig å fundere på. Du he ein filosofisk blogg må eg sei. Konge. Lykke ti vidare mæ djupe tankar..