mandag 9. april 2007

Nattbok er ei god bok, dog ei barnebok.

Går natt var ei vakker natt, og ein vakker kveld. Sjølv var eg den heldige vinner av eit påskeegg i gull, sjølvsagt i godt selskap. Ganske godt selskap faktisk. Uansett var natta roleg, det å spasere gjennom sentrum ein laurdagskveld har aldri før vore eit lyspunkt for meg. Påskeafta var likevel ein realitet, og påskeegget var eit resultat av rein impulsivitet. Er glad eg har den impulsiviteten.
Natta var altså roleg, og ein kjende lufta smyga seg isande inn i nasen. Sjølv var eg ganske overvelda, tårene var ikkje langt unna for meg heller, vertfall ikkje når selskapet hadde teke dei i bruk. Det var då det slo meg, for ein fantastisk kveld! Det er slike kveldar som får ein til å ville ropa ut i vill jubel over at Gud eksisterer. Mannen i gata hadde byta ut nattklubben med afterski på Geilo eller Hemsedal, og bra var det. Eg fekk trua tilbake. Trua på at det er mogleg å forandre den norske kulturen. Kvifor skal vi vera så annleis? Kvifor er det alltid ein Nordmann som kjem imot deg ravande som ein gal mann uansett kor ein er i Verda? Likevel er det denne kulturen eg no fekk trua tilbake på. Eller rettare sagt, trua på at denne kulturen ikkje er endeleg, men at det er mogleg å forandre den. Slik at når eg vert med volvo, viv og vov-vov vil det verte mogleg å kunne ta seg ein tur utan å måtte dra seg forbi alleslags menneske i alleslags tilstandar. Det håpar, eller vonar heiter det vel, vertfall eg for framtida. Korleis, eller kva som må gjerast for verte opp til andre å bestemme og setje i verk. Det var ei fantastisk kjensle, sjølv om det berre var ein varmegrad. Den kjensla av tryggleik og fred som låg over "by`n". Eg vart nesten stolt, og det var ikkje lenger tvil om kvar eg i framtida vil vera. Sjøv om det minna mykje om ein roleg Middelhavsby, ein litt, men ikkje veldig, varm maikveld. Sjølv om eg på min ti-minutters spasertur møtte på 5 forskjellige jenter fra Romania som ville selge meg roser. Faktisk møtte eg alle fem, dei siste fem minutta. Skulle ønske eg hadde møtt dei litt før.

Ingen kommentarer: