Stundom vert eg fasinert over kor genial det går an å vera. Til dømes over tittelen på Dagfinn Høybråten si nyaste bok: "Pengene eller livet."
Genial seier du.
Boka handla om livskvalitet, og den tittelen seier vel meir om livskvalitet enn alle bøker om livskvalitet i heile verda til saman...
Livskvalitet til alle!
Nolo anna som me lett også gløymer er at livet ikkje berre handlar om å utsetje døden, men kanskje mest av alt om å auka kvaliteten på livet.
For så høyt elsket...
(Det er desse stundene som stundom gjer politikk kjekt)
lørdag 27. desember 2008
lørdag 20. desember 2008
Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgon stund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Kva er eigentleg din draum?
Takk til Olav og Johanna.
For så høyt elsket...
fredag 12. desember 2008
Å skriva om å leva
Natta 26. oktober hugsar eg godt. Eg satt oppe i ei stove som ikkje var mi, og skreiv om kjensler eg ikkje visste eg hadde. Mykje har forandra seg sidan; eg trur kanskje eg har teke meg saman.
No gler eg med til den verkelege verda. For at denne gleda skal vera så stor som mogleg når ho kjem har eg bestemt meg for å følgja opp det som vår gode ven og vismann ein gong sa: ”Kva om du har eit enormt uoppdaga potensial som du ikkje oppdagar, berre fordi du ikkje gidd?” Eg byrjar å skjøna mykje meir av kva denne vismannen skjøna allereie i ung alder, då eg framleis gjekk på krykker og kasta slippersar.
Noko som traff meg midt mellom hjarteklaffane her ein dag, var ein film som heiter Guds finger. Han overbeviste meg om at bibelens bodskap er eit reint kjærleiksbodskap, så ikkje ver redd. For verken englar eller demonar kan skilja deg frå denne kjærleiken. Heller ikkje fortida, eller framtida. For denne kjærleiken er større enn alt dette.
For å seia litt om livet så byrjar eg å få draumar att. Draumar og utfordringar og kjensla av å lukkast og av velsignelse. Det er godt.
No er det snart jul og ingen gåver har endå vorte handla.

søndag 26. oktober 2008
Friends forever?
Akkurat no i kveld innsåg eg ein ting: For første gong i livet trur eg at eg saknar nokre andre enn Johanna; Eg saknar venane mine, eg saknar familien min. Eg saknar alt me gjorde saman. Det er ganske rart å ikkje kunna venta med å treffa dei att. Ha ei kribling i magen som seier at eg gler meg skikkeleg. Spørsmålet er berre; korti skal det eg gler meg til henda. Har det siste året vore fylt med så mykje at dei venane eg no saknar kan vera borte for alltid? Eg vonar ikkje det. Sjølv om det kjennest ut som om eg har mista nokre av dykk pga vegvalg og prioriteringar gjort av meg og dykk. Eg får litt ilt inne i meg når eg tenkjer på det.
Eg saknar mor og far, eg saknar søster og bror. Eg saknar mormor, farfar og farmor. Eg saknar Roger sitt intellekt. Eg saknar Andreas si fantastiske evne til å fikse alt. Eg saknar Håkon sin visdom. Eg saknar Hilde sine smil og lure idèar saman meg Johanna. Eg saknar Malin sine dialektetterlikningar og "fornever." Eg saknar Christopher sin ærlege utsagn på tomannshand. Eg saknar Joakim sine treffande kommentarar. Eg saknar Janne sin enorme kjærleik. Eg saknar Henriette sin eventyrlyst og spontanitet. Eg saknar Mari og Margrete sine kreative latterbrøl...
Mange nemnt og mange gløymd, men eg måtte berre...

Verden
fredag 24. oktober 2008
lørdag 18. oktober 2008
Visste du…

At Gud elsker deg? Ja, det visste du vel. I alle fall om du er en kristen. Du har vel hørt det før. Kanskje har det blitt en klisjè? Det blir fort det.
Som noen kanskje vet tilbringer jeg dette året sammen med min kjære på Ungdom i Oppdrag sin Disippeltreningskole i Skien. Første uka av DTSen ble vi på ekte amerikansk vis undervist om Guds farshjerte. Og poenget med undervisningen var som du kanskje har forstått: Gud elsker deg! Læreren vår hadde også visst dette, og trodd på det med stor overbevisning. Likevel fortalte han oss om en dag han var ganske nedfor. Han fortalte at han hadde klaga til Gud, og spurt han: ”Gud, er du egentlig stolt av meg når jeg står der oppe og underviser?” Han fikk svar som følger: ”Ja.” Det hadde du ikke trodd? Selvsagt hadde du det, men det som forandra livet hans, var det Gud så sa: ”Men jeg er akkurat like stolt av deg når du sover, for du er mitt barn.”
…
Den som har ører å høre med; hør.
Abonner på:
Innlegg (Atom)