Dei siste vekene har eg vorte så
heldig å få verta blant ein av dei i Verda som har fått byrja på
ei høgare utdanning. Høvet til å ta utdanning kunne ein sagt mykje
om, men det skal eg ikkje gjere no. Eit av introduksjonsfaga eg har
fått fordjupa meg i har vore filosofi. Fordjupinga har i all
hovudsak tatt utgangspunkt i opplysningstida og kjende tenkjarar som
John Locke, Francis Bacon, Jean-Jacques Rousseau, Renè Descartes,
Thomas Hobbes og endå har eg 5 veker igjen av kurset. Kva filosofiske
tankar som bør vera med i eit slikt introduksjonskurs kunne ein også
sagt mykje om. Uansett er det ideèane til desse nemnde den vestlege
Verda med sine universitet seier seg å vera tufta på. Eg har fått
lesa om korleis kvart einskild menneske er fødd fritt, om
demokrariet og om at menneske bør få velja sine eigne leiarer og
ikkje treng å vera styrt av kongar eller tyrannar. Prinsipp me
reknar for å vera grunnleggjande for at samfunna våre fungerer. Då
eg las, slo det meg at dette har eg lese før, men ikkje i ei
filosofisk essay frå 1600-talet.
5. Mosebok 9-13 fortel oss
korleis Gud råda Israelittane til å organisera samfunnet sitt då
dei endeleg hadde fått fridomen sin og Moses innser at han åleine
ikkje maktar å styra folket:
«9Den
gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk.10Herren
dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som
stjernene på himmelen.11Måtte
Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som
de no er, og velsigna dykk, som han har lova.12Men
korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og
trettene dykkar?13Vel
ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera
dei til leiarar for dykk.»
I
vers 13 ser ein tydeleg korleis Gud instiftar demokratiet som sin
styreform; Han ber folket om å velja ut sine eigne leiarar og
implementera verdas første enkle versjonar av folkesuverenitets -og maktfordelingsprinsippet! Sistnemnde eit
prinsipp som i følgje historiebøkene vart «funne opp» av
filosofen Montesquieu på 1700-talet. Korleis kunne verda ha sett ut
dersom kyrkja hadda oppdaga dette bibelske prinsippet på eit
tidlegare tidspunkt? Ironisk nok er Montesquieu ifølgje
den politiske forskaren Donald Lutz, den mest siterte kjelda i den
Amerikanske «Declaration of Independence,» utanom Bibelen.
Ein
kan ha mange meiningar om USA i 2012, men ingen kan betvila at det er
denne nasjonen som frå byrjinga av har lagt flest bibelske prinsipp
til grunn for sitt samfunn.
Bibelen
er full av slike eksempel på tankar me trur er nye, men som har vore
der heilt sidan Gud innstifta dei då han gjorde folkeslaget Israel
til nasjonen Israel. Les me nøye vil me sjå korleis Bibelen legg
primissar til grunn for alle delar av samfunnet, slik at me skal
kunna leva dei liva Gud har meint for oss.
Kanskje
var det dette Jesus meinte då han sa: «Gå
difor og gjer alle folkeslag til disiplar.»
Bachelorporgrammet
eg går på heiter merkeleg nok International
Business Administration, og
i morgon skal eg ha min første deleksamen i Filosofi.
Eg
er overbevist om at demokratiske prinsipp er ein del av det å
disippelgjera eit folkeslag.
Er
du overbevist?
Litteratur:
An
introduction to The Old Testament Template, Landa Cope, 2011, YWAM
Publising.
The
Second Treatise of Government, John Locke, 1660.
Bibelen
2011, NN
Wikipedia
For så høyt elsket...