mandag 2. november 2009

Å, kor eg er glad!

Kristin Halvorsen varslar at ho som ny kunnskapsminister ynskjer å stykja seksualundervisninga i skulen for å redusera talet på overgrep. Dette er i utgangspunktet ein god tanke, men kjenner ein SV rett vert det vel med å trykkja opp brosjyrer med slagord som følgjande: "Homokjærlighet er like OK som Heterokjærlighet." Det som er interessant er stortingsreperesentant for Telemark Høgre, Torbjørn Røe Isaksen sin reaksjon på utspelet frå Halvorsen: "Mennesker har hatt sex i alle tider, og de har klart det uten hjelp fra sosialdemokratiet," skriv han på sin blogg Konservativ. Røe Isaksen stod i Kongeparken Amfi i sommar og sa at var det ein ting alle parti var einige om så var det at aborttala skulle ned. Han må ha nokre geniale strategiar som han berre ventar med å leggja fram, for ein betra seksualundervisning i skulen vil jo ikkje hjelpa i det heile for å redusera aborttala....

Røe Isaksen gjer ein fåfengd freistnad på å gjera politisk gevinst på ein ikkje-sak.

Å, kor eg er glad for at Sentrum er levande og snart kjem til reisa seg sterkare enn aldri før!


For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Roger Drange sa...

Du er eit vist menneske, og ein vis bloggar. Be gjerne for meg.

Andreas sa...

Ei kjensle av gjennomskuing fauk gjennom kroppen! Du er i mine tankar, bøner og ikkje minst draumar og framtidsplanar! Så får du avgjera sjølv om det er ein god ting.

Little Man From Another Place sa...

Mange mener at sentrume er dødt etter dette valget. Det vil vise seg. Jeg tror uansett sentrum trenger sterkere lederskikkelser enn i dag, og det er jo et problem at ett av sentrumspartiene har gått vekk fra sentrum. Dermed må man vel si at sentrums(regjerings)alternativet er dødt pr dato...

Roger sa...

TV: Ikkje virksamt, trur eg er meir korrekt karakteristikk av sentrum nett no.

Andreas sa...

Regjeringsalternativet er så dødt som det kan bli! Dei sterke leiarane kjem vel snart får me håpa på. Først må ein samla kjerneveljarane med dei sakene som samler desse, før ein freistar å famna bredt med familie og milø er mitt strategiske plan. Kva er det som samlar kjerneveljarane til KrF fra israelsekstremistar via blodige babydokker til homoliberale? For alle desse karakteristikkane går inn under min definisjon av kjerneveljarar... Korleis kan ein samla de slik dei var i 1999? Er det politikken som er problemet? Eller er det innpakningen som er feil?