fredag 6. november 2009

Evolusjon?

Fekk fylgjande melding i min innboks her om dagen. Eg vart særs utfordra, og kjende at mi evne og kunnskap ikkje strekk til når eg får ei så sakleg og hyggeleg skreven framsyning av evolusjonsteorien. Nokon ekspertar på området som vil koma med ein kommentar?

"Big-Bang-teorien er muligens svevende. Men her finnes det faktisk en forklaring. Universet utvider seg den dag i dag, hvilket er påvist. Dermed har forskerene ressonert seg fram til en teori, som består av at universet på et tidspunkt var like uendelig lite som det i dag er uendelig stort. La det på en annen side være klart at evolusjonsteorien er noe helt annet. Man må se på det store tidsperspektivet. Det er påvist at mennesket har eksistert i 2 millioner år. Jordkloden ble dannet for omkring 4600 millioner år siden. Om man legger ut en tidslinje som er 10 meter lang, vil vår tid her være omtrent på lengde med en fingernegl. Og er ikke 2 millioner år fryktelig lang tid? Se da for deg de 4000 millionene år som det har vert liv på jorden, da tenker jeg på enkle encellede organismer. Det tok 2000 millioner år til før avanserte bakterier og encellede organismer utviklet seg. Det flercellede livet oppstod så sent som for 1,5 milliarder år siden. Og med et verdenssyn som kun strekker seg noen få tusen år tilbake i tid, er det ikke rart du ikke ser på dette som åpenbart. Men for meg, som selv har sett og tatt på fossiler i forskjellige lag av jorda, kunnet datere disse, og satt dette inn i det samme systemet som Darwin mente måtte finnes, så virker alt dette plutselig ganske rimelig.

Det tok altså 625000 ganger lengre tid for encellede organismer å utvikle seg til flercellede organismer, enn det tok verden å skapes e følge bibelen.

Og det stemmer ikke at universet er uendelig. Universet er omtrent 47-93 milliarder lysår fra ende til ende. :-)"
Lasse Kaldefoss er du der?

For så høyt elsket...

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hmmm.. Eg har ikkje akkurat noko utprega kunnskap når det kjem til evolusjonslæra, men har nokre tankar, men eg veit ikje om dei vil gjere nokon klokare.

Kor påliteleg er det eigentleg at eit lite menneske kan datere noko som er 2000 millionar år tilbake? Kanskje det matematiske systemet dei brukar er heilt galt i utgangspunktet! Eg synest berre ikkje at det verkar truverdig at ein kan vite slikt med så sterk overbevisning.

Klimaet, og jorda i seg sjølv, har sikkert endra seg mykje sidan den vart skapt, det meiner òg desse forskarane, så eg trur ikkje at ein kan bruke kjemiske prosessar som me kan mykje om i dag, til å datere noko som skjedde 4000 millionar år tilbake. Eg veit jo at det er veldig innvikla med alle desse formelane, og dei tek hensyn til veldig mykje, men kva veit me eigentleg om det som skjedde 40000 millionar år tilbake?

Eg trudde òg at evolusjon i seg sjølv, var utvikling av plantar og dyr gjennom naturleg utvalg, altså tilpasning til ogjevnadane. Dette trur ikkje eg nødvendigvis er i mot det Bibelen seier. No seier ikkje eg at eg trur på ape til menneske, men at andre dyre- og planteartar har utvikla seg til å tilpasse seg. Men, det var vel ikkje akkurat dette innlegget handla om.

Eg veit berre at Gud er mykje større og meir enn eit matematisk system som utregnar tid og utvikling av eincella organismar. Eg synest ikkje at noko av det han skreiv verka "plutselig ganske rimelig".

Det var òg ei tid der dei fremste i verda meinte at jorda var flat, og at atomet var den minste eininga i universet. Men, jorda er ikkje flat, og inni atomet er det elektron, neutron og proton, som igjen inneheld "quarks".
Dersom desse smart-ass forskerane har tekje feil før, er sjansen stor for at dei har teke feil igjen.

Kanskje Gud skapte alt til å verke mykje eldre enn det eigentleg er, berre for at me skal ha noko å tenkje over?

Ja, det var vel deg eg hadde å seie om dette. Men, eg veit ikkje nok om dette eg heller.

Andreas sa...

MMM! Du er fantastisk! :) Me snakka m deg her ein dag, Jørund og meg. Kor flott du er og sånn. Gode tankar! Er Uniten god?

Maria sa...

Dette er så bra. Me som kristne treng utfordring og vanskelege spørsmål. Eg har ikkje kjempe peiling på evolusjonsteoriar og universet men eg har nokre tankar å tilføya;)

Ta t.d oljelagera under havets botn, forskerar seier at for å skape så store mengder med olje så må havet ha laga press på plante og dyrerester i mange millionar av år, dei bruker fysiske lovar for å rekne ut kor lang tid olja har tatt for å framstillas. Men olje kan også bli framstilt av stort trykk over ei kort tidsperiode,om berre trykket er stort nok. Og med den mengda olje som ligg under jordlaga i dag skulle ein nesten tru at vatnet la seg over store skogar og rikt plante/dyreliv.

La oss sei at i stadenfor at havet har laga olja gradvis i millionar av år, så kom det ein stor mengde vatn over heile jorda på ein gong og skapa nok press til at ein oljeskapande prosess blei satt igong. Dette er berre ein tanke, som kristne kallar syndefloden.

Det eg prøver å sei er at menneske reknar tid i ei så avstumpa måleeinheit. Prøver å lage likningar som seier at kjemisk,fysisk og matematisk så tar det "X" år for at "A" skal skje. Men Gud følger jo ikkje våre likningar, jorda har nok vorte igjennom alle dei fasane som forskerane finn teikn på, men når Gud gjer det på sin måte så kan me ikkje måle det. For Han er ein dag tusen år,og tusen år ein dag.

Eg las ein gong at no har forskerar funne ut korleis jorda oppførte seg i dei tidlegaste åra. Og rekkefølga på utviklinga, den var nett som Bibelen seier. Eg måtte springe for å hente ein Bibel berre for å vere sikker. Der ramsa dei opp kva som skjedde når jorda blei meir og meir leveleg for levande vesen. Akkurat slik Bibelen seier oss i skapelsesberetninga. Men sidan Bibelen ikkje er eit vitenskapeleg verk,så gjelder det kanskje ikkje som argument i diskusjonen, ville monge forskerar sei.

"Guds ord ble ikke gitt for å øke vår kunnskap, men for å forvandle våre liv"

Med eit forvandla hjarte kan ein tenkje seg at for Gud er millionar av lysår ein dag,eller tilogmed større en det me kallar tid.

Okay dette blei langt og lengre en langt.. Men eg likar ein god tankjevekkar! Og eg har ikkje nok kunskap om emnet til å være sikker på noko. Hurra for troa.

Vær velsigna vidare Andreas:)
-Maria

Roger Drange sa...

Eg trur...at dersom me skal vera kyniske... så er kjelekritikk eit kjempekraftig våpen for oss.

Dersom me ynskjer å gå til motangrep då, sjølvsagt. Svært mykje usikkerhet kring kjeldene i slike spm.

Men eg lever lukkeleg i uvissa, og det er godt.

Andreas sa...

Takk for nyttige innspel M og M! :) Kva har du i mot kjeler Roger? Facebook-venen min svara: "Da takker jeg for en givende diskusjon, jeg har faktisk fått litt mer respekt for det dere tror på, siden jeg endelig møtte noen som faktisk svarte saklig når jeg kom med kritikk (gratulerer, der vant du). Jeg må innrømme at jeg var kristen selv før, konfirmerte meg og greier." Er dette eit godkjent resultat etter ein diskusjon med ein sjølverklært ateist og evolusjonist?

Håkon Lyngøy sa...

Hei, Andreas:) Her er ei spilleliste av videoklipp frå youtube av kategorien kreasjonisme vs. evolusjon og teisme vs. ateisme. Lett tilgjengelig informasjon viss du er interessert. Eg har sett nokre av dei og har lagt ved nokre anbefalte videoar under:

Spilleliste: http://www.youtube.com/view_play_list?p=46E3DDDEF592D9B3&page=1

Anbefalingar:

Om karbondatering:
http://www.youtube.com/watch?v=dAf_HtNBM6U&feature=PlayList&p=46E3DDDEF592D9B3&index=12

Enkel retorikk om universets begynnelse:
http://www.youtube.com/watch?v=2g2kAN2SBRs&feature=PlayList&p=46E3DDDEF592D9B3&index=22

Om oppdagelsen av Noah's ark:
http://www.youtube.com/watch?v=2Y5ORpMTebI

Om Syndefloden (serie 1/5)av Dr. Grady McMurtry, en ateist som studerte evolusjonisme så lenge at han blei kristen.
http://www.youtube.com/watch?v=xwT4dxKa6KI&feature=PlayList&p=46E3DDDEF592D9B3&index=2

Men viktigere enn å diskutere, la oss elske mennesker med den samme kjærlighet som Gud har elsket oss!

For så høyt elsket...
(plagiat av AS)