mandag 5. mai 2008

Håp?

Har du kjent kjensla av å ikkje strekke til? Av å ikkje få det som du vil? Av å ikkje få det til? Av at beina er heilt vill? Rastlaus. Det er ei kjensle av å ville gjere noko meir ut av tilværet, men så gjer ein ingenting likevel. Det hadde kanskje vore betre å ikkje vite at det finst noko meir, enn å vite det og likevel ikkje gjere nokio med det.

I går kveld tok eg meg sjølv i å sitja på verandaen å berre sjå på stjernene og skyene. Det var ein fin kveld, eit fint lys og ein god stemning. Eg lengta tilbake. Tilbake til ei tid då eg stadig kunne oppdage desse små detaljane. Sjå dei, uansett kor eg gjekk. Takk Gud for at eg framleis ser dei, sjølv om kanskje ikkje like tidt. Eg skulle ønske eg kunne skrive overøst av kjensler slik eg ein gong kunne, då var det kjenslene som kom fram i det som vart skreve. Framleis har eg eit håp, eit håp om at det alltid ordner seg for snille gutter. Uansett kor absurd det høres ut, så har eg det. Samtidig veit eg av erfaring at alt er tomhet. Det er kanskje tomhet eg opplever. Tomhet i tilværet. Ein tomhet som berre kan sløkkjast og fyllast av den eine, levande Gud? Det veit eg det er. Kvifor vrir eg meg då berre unna? Vrir meg unna alt det som han har for meg? Det han vil gi meg meg; fylle meg med; øse ut over meg? La mitt beger renne over. Ditt nærvær er ikke styrt av kjensler. La likevel mitt beger renn over. I min egoisme er det nødvendig. Det er nødvendig. Vonar mi einsemd i denne kjensla, kan gjere at nokre kan vera einsama saman med meg.

"Ikke kan jeg synge om at jeg har sett, døde stå opp eller lamme gå. Ikke kan jeg synge om at jeg har svevd i den syvende himmel og sett syner om det som skal skje. Men jeg kan synge om: du gir håp. Du gir håp til mennesker som vil gi opp. Du gir håp, håp til mennesker som snart skal dø, til mennesker som tar farvel. Du gir håp." RM

4 kommentarer:

maria sa...

Dette var eit fint innlegg. Passar bra for meg no, føler ganske masse tomhet for tida..

Anonym sa...

Du er flink til å beskrive følelser Andreas, og å sette ord på følelsene. Håp har vi selv om vi ikke tror vi har håp, for selv da har vi et ønske om å håpe.

hlewagastiR sa...

Du er ingen postmoderist iallfall. Det skal du hava. Snarare er du ein modernist. Og det er me vel alle stundom...

Øyvind Bye sa...

fantastisk ærlig og bra!
godt å lese.

Takk Gud!