torsdag 16. august 2007

Dødsens livsvesener

Idag er dagen då det heile skal henda. Halsbrekkande kommentarar og luftslott uten like er berre småpengar i forhold til korleis ein skulle ønskja at livet ikkje var,
siden det går så bra utan at eg bar,
alle børene sjølv.
Velsignelsen ingen ende tar.


Idag las eg ei avis.
I avisa stod det noko.
Nokon var død.
Mange døyr.
Gamle menneske døyr.
89-årgamle menneske døyr.
Åttiniårgamle kvinner døyr.

Ragnhild døydde.

Dødsannonsa var kort.
Bibelverset endå knappare.
Budskapet var difor meir kraftfullt.
Paulus brev til Efeserne kapittel 2, vers 8.

Ragnhild lever.

Ingen kommentarer: