onsdag 3. november 2010

Eg som kjende Israel

Rapport fra teamtur #2 "Eg som kjende Israel"

Israel, det lova landet. Landet som alle snakkar så varmt, eller kaldt, om. Som alle så gjerne vil tilbake til, år etter år..

R2S::Teamtur

# arrangeres hvert semester, neste gang er våren 2011
# return2sender subsidierer deltakerne med 2000,-
# lagt opp som low budget tur med noen dager til å se landet
# mål: fortelle israelere om Jesus gjennom ord og handling

Av Andreas Sørås

Eg hadde høyrt så mykje om Israel, frå vener, familie, media, politikarar, og alle var så engasjerte. Eg hadde høyrt kor fantastisk det var, men også kor felt det var. Kor flotte israelerane var, men også kor forferdelege dei var. Eg hadde høyrt så mykje, sett så mykje, lest så mykje. Eg kjende dette landet. Eg visste vel korleis Israel var, eg som gjekk på skulen på 90-talet og hadde Israelskartet hengande fremst i klasserommet mellom Noreg, Europa -og Verdskartet. Israel kjende eg godt.

Som Bergensar er det ikkje lett å vedgå at ein har teke feil, men det gjorde eg verkeleg. Eg kjende ikkje Israel, men det måtte ei reise dit til, for at få meg til å sjå. Saman med 5 andre meir eller mindre rutinerte israelfararar fekk eg i september vera del av R2S sitt evangeliseringsteam til Israel. Som førstegongsreisande til det lova landet, sat eg att med mange inntrykk.

Old City, Jerusalem vart tråla frå ende til annan. To hendingar skilde seg ut mellom titusenvis av andre i Jerusalem: Då me sat i Gravhagen og grunna skreiv eg følgande i dagboka mi: ”Ein liten forsmak på Himmelen. Mange grupper har sine samlinger på sine språk: karismatiske afrikanarar, trauste tyskarar, ei nydeleg sør-europeisk jente som sit å les i sin egen personlege Bibel. Amazing Grace vert sunge ein stad i det fjerne. Nokre turistar som ikkje skjønar bæret knipsar bilete for harde livet. Det er mangfold. Det er fantastisk.”

Å vera i gravhagen gav meg ein forsmak på det eg trur Himmelen kjem til å vera: ein stor lovprisningsfest, der Gud vert tilbedt av menneske frå alle kulturar, alle tungemål og alle nasjonar. Den andre hendinga eg kjem til å hugsa i lang tid, var då me vitja ei forsamling av messianske jødar, og fekk ta del i gudstenesta deira. Då med tilba saman gjekk det som var så sjølvsagt plutseleg opp for meg: Også her, der det heile starta, oppfyller menneske hensikta med liva sine. Også her i Jerusalem vert Gud lovprist i and og sanning. Også her utøser Gud sin kjærleik og lengtar etter å gjennoppretta relasjonen med sine born. Dette gav meg eit hjarta for dei menneska me traff under evangeliseringa seinare i veka.

Å Vera i Jerusalem er som sagt noko eg kjem til å hugsa lenge: å vandra mellom falafelsejljarar, suvenirsjapper og tungt væpna politistyrkar gav politiske og kulturelle impulsar, men mest av alt slo det meg korleis dei fleste som er her søker etter noko. Dei er religiøse, andelege eller spirituelle som me likar å kalla det. Anten dei kyssar golvet i gravkyrkja, ligg på kne ved klippedomen eller vuggar med panna mot vestmuren, så søker dei alle, meir eller mindre bevisst, etter det same. Dei er hengjevne og religiøse, men til kva? Anten det er kvinna me traff i gravkyrkja, som knakk saman i ukontrollert hulking og ikkje kunne få korsa seg nok, då ho meinte å sjå ikonet av Jomfru Maria blunka til seg, eller den ultraortodokse tenåringen som fotfølgde oss i evangeliseringa, og tok Matteusevangelia frå dei me hadde gjeve dei til, eller dei messande bøneropa frå minaretane: ”Vis oss den rette vegen Gud. Vis oss den sanne veg.” Dei søker alle etter Gud, og me var der for å fortelja at me har funne vegen: han som heiter Jesus eller Yeshua; Han som frelsar.

Det var utruleg spanande å ha dette som eit utgangspunkt for reisa vår til Israel: me var ikkje berre rike turistar som kom for å sjå gravhagen, gravkyrkja, oljeberget, vestmuren og alt det andre. Me hadde ei hensikt med reisa vår. Det var difor eg vart med til Israel med return2sender sitt evangeliseringsteam hausten 2010.

For nokre år sidan var eg i Sør-Etiopia og vitja misjonsarbeidet der. Misjonærane fortalde kor godt evangeliet passa inn i mytene, trua og kulturen til dei innfødte: dei trudde på ein god skapargud, som var blitt borte, og no måtte dei tilfredstille dei vonde åndene for at det skulle gå dei vèl. Evangeliet om Jesus som frelsar frå dei vonde åndene gjekk rett heim hos sør-etiopiarane, og dei kunne leva vidare i fridom, glede og utan frykt for dei vonde åndene. Evangeliet passa så godt inn i deira historie. Kor mykje meir passar ikkje evangeliet då inn i Jødane si historie og jødane si tru?

Dei må få høyra dei gode nyhendene. Difor reiste me til Israel denne hausten: fordi Gud lengtar etter å verta gjenforent med sitt folk, for å kunne visa dei sin kjærleik og velsigna dei, så dei på ny kan vera til velsigning for alle jorda sine slekter. Israelerane treng evangeliet! Vil du vera med å fortelja dei om Yeshua, han som frelser?


For så høyt elsket...

1 kommentar:

myslate sa...

Jeg leste brevet ditt, og likte den. Oversetteren hjulpet mye. Jeg bodde i Israel, og handlet i Jerusalem år siden. Den triste ironiske er at folk fortsatt kjempe i Guds navn. Du har rett, vil himmelen være full av lovord for Gud, og egoisme i denne verden vil være mindre enn et