torsdag 4. november 2010

E-stoff

Som forventa av ein som er oppvaksen på bedehuset les eg som regel DagenMagazinet, men alltid etter Bergens Tidene. Her ein dag kunne eg i det kristelige dagbladet lesa at NRK skulle visa eit program som tek for seg ulike former for sex, og de veit alle kva program eg snakkar om. Eg las reprtasjen om programmet, ettersom sex tydelegvis sel også til oss kristne, og fekk med meg at ei Facebookgruppe eller side, alt etter som, hadde vorte starta: "Nei, nei, nei til NRK." 6000 sinte, mest sannsynleg kristne, menneske har gjeve sitt samtykke til det denne gruppa står for. Mange har også ringt og skjelt ut stakkaren som sit sit bak skranken i NRK si informasjonsavdeling: Korleis kan han finna på å jobba i denne "statlege skjøga?"

Folk er engasjerte, og det er bra. For er det noko som smittar og set hjarte i brann er det engasjement og entusiasme: dei to umisselege E-stoffa for alle som kjempar for noko. Då eg var liten fekk eg ikkje lov å eta E-stoff fordi eg vart så vill og utstoppeleg, men det er no ei heilt anna sak, trur eg.

Etter å ha lese ferdig om sexprogrammet bladde eg vidare i DM og kunne lesa om ein Iransk pastor som nyleg fekk dødsdomen, for apostasi, eller fråfall frå Islam som me også kallar det. Han fekk ei heilside i DM, takk til herr Selbekk for det.

Dagen gjekk og venane mine vart oppringte frå Facebookframandeforeldre som ville at borna deira skulle melda dei inn på Facebook slik at dei også kunne sei: NEI, NEI, NEI! Eg skulle ønskt at eg var like engasjert som mange av desse, men eg tør ikkje. Eg vågar rett og slett ikkje. Eg er redd for å missa integriteten min, om han i det heile finst: viss eg seier nei til NRK sitt program kan eg då nokon gong mora meg med Frustrerte Fruer igjen? Eller Grey`s Anathomy? Eller Friends? Kan eg nokon gong sjå ein Hollywood film igjen?

I morgon skal eg, viss eg finn noko E-stoff gøymd ein plass, laga ei Facebookgruppe som seier: "NEI til dødsdom for religionsfrihet." Eller kanskje ei som heiter: "NEI til døden for sex." Sex sel jo som kjent, så den ville nok fått fleire medlemmar. Eg har høyrt at i Iran vert ei kvinne steina for sex før ekteskapet, så lenge det finst 2 mannlege vitne. Så viss ein vil ha nokon drept er det berre til å gruppevoldta henne. Apropo valdtekt: visste du at det er ca 15.000 valdtektar i Noreg kvart år? Etter det skal eg slå på tråden til Amedinejad og spørja kva tid atombomba er ferdig slik at eg ikkje reiser på ei Kristen Feriereise til Israel akkurat den veka.

Det er godt å sjå at folk brukar E-stoffet sitt på dei viktige sakene i verda.

For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Maria sa...

Eg er så lei av at kristne skal seie NEI til alt. Eg såg Trekant i går, berre for å sjå om det var verdt all sjauen. Og nei, det var det ikkje. Eg har jammen sett meir nakenhet i ein hollywoodfilm. Og høyrt skittnare ord i frustrerte fruer.

Og som kristne treng me jo ikkje seia nei til åpenhet om sex! Det er jo noko me teng å seia ja til, sånn for å holda følge med verda omkring oss. Misbruk av sex drimot..

Uansett! bra innlegg som vanleg:)

Anonym sa...

trm, xbcoy ux zzfdzqml e mzxqy.
dtzg jlicqnwp x lg o!
thd tube galore
, rvwo sw rc v fgix u.
mvipkp ihfubz kbuo n jheg. yzz, toon porn
, qelo s jnlmboen s xjmpmp hx llak pyf.

wey de pav.