onsdag 1. september 2010

Klumsete og rotete loggføringar

Det er visst vanskelegare å vera student enn eg hadde rekna med. Me må skriva loggar og oppgåver og innleveringar. Det har jo eg heilt gløymd. Skulle visst ha levert han for nokre dagar sidan den loggen. Eg er visst ikkje ein så god student som eg trudde eg ein gong var.

Samtidig er det er godt å kjenna at Gud bruker det ein har å koma med sjølv om det av og til kjennes ut som om det ikkje er så mykje å skryta av. Her ein dag fekk eg dela eit vitnespyrd om korleis "Guds Fred som overgår all forstand, har bevart meg i Kristus Jesus," som skrifta seier. Sjølv om eg opplevde det eg presterte som ein klumsete og rotete framstilling av ein tale strøyma det på med menneske i etterkant som gjerne ville bli bedt for angåande det eg hadde delt.

Det er fantastisk når Guds kraft blir fullendt i min svakhet: då kan eg ikkje gjera anna enn å prisa han og gje han all æra, sjølv om eg så gjerne skulle hatt henne sjølv.

Å be saman og for medmenneske er noko av det mest meiningsfulle eg veit om.

Det gir ein Himmel over kvardagen som nokre likar å seia.

No må eg byrja på den loggen.


For så høyt elsket...

1 kommentar:

Barbro sa...

Nydelig at Gud bruker deg på Framnes !