søndag 12. juli 2009

Minner...

Såg akkurat på ein gammal DVD eg hadde liggjande frå då eg snakka bergensk og IL Fri-89 var på treningsleir til Løkken, Danmark våren 2005. Ei av dei mindre sportslige stundene i filmen skilte seg litt ut. Trenaren hadde laga quiz om Danmark og om fotball. Alle på laget deltok individuelt. Trenaren filmar idet folk seier poengsummen dei enda opp med. Av ein eller merkelig grunn var eg igjen til sist. Då eg las opp kor mykje poeng eg fekk var det ein om ikkje overlegen, men i alle fall klar siger som tilfalt unge herr Sørås på 15 år. Smilet vart stort då eg vart tildelt ein boks full av snop som premie, men det vart endå større då han som kom som nummer to i spontan frustrasjon utbraut medan alle høyrde det; "Jævla Bibel!" Det var meg han snakka om. Eg lo høgt då eg såg dette igjen no. Sjøv om dette kanskje høyrest fælt ut så er det gode minne for meg. Og berre tenk at kvar gong ein av dei 18 eg var på lag med ser på den filmen så høyrer dei dette. Eg er stolt over å vera hugsa som "Jævla Bibel!" Sjølv om eg ville valgt eit anna ord framføre B-ordet, og stolhet kanskje ikkje er så bra. Likevel...

Kanskje kan eg leggja ut filmen på Facebook og kanskje også tagga dei som er med. Kanskje han som vart nr to ser på dette som eit godt minne og? Det vonar eg!

Kveldshelsing frå Siviltenesta i Hardanger.

4 kommentarer:

Byrknes sa...

var det smarties som premie eller? Godt inlegg. Håper han ikkje vil se på filmen som et bevis på at du er best og at han alltid vil være andre mann i rekka.

Men jeg vil gjerne se den filmen :)

Ragga sa...

Hehe, ler nesten høyt jeg og nå. Vil du jeg skal begynne å kalle deg for bibel?

Joakim sa...

Du kan vel nærmest kalle deg regissør av denne filmen ettersom du stod bak mesteparten av filmingen:) Husker godt både treningsleiren og episoden. Må få se filmen en dag igjen.

Andreas sa...

Regissør var det vel du som var Joakim, eller editor heite det kanskje!:) Eg hugsar også godt TA Lavik sin reasksjon på min primadonnakommentar.:) Det var ei sjampanjeflaske full i noe twistlignende greier som var premie TB! Fjellhaug altså?