onsdag 15. juli 2009

Folkeforføring

Kjensla av å ynskja bryta ut i ei blanding av hulking og sinne kjem over meg når eg les kva ein tidlegare Krf-veljar skriv på BT sine debatt-sider. Eg siterer: "Som mangeårig KrF-velger har jeg gått over til å stemme Frp. Ser det slik at jeg har blitt tvunget til å velge mellom alternative onder. Savner et parti som snevert konsentrerte seg om å tilrettelegge samfunnet slik at det motiveres til å følge de 10 bud. Det skulle fått min stemme."


Eg blir engasjert og ynskjer å gjera noko når eg ser kor lett ein kan forførast; korleis i all verda kan ein som "...savner et parti som snevert konsentrerte seg om å tilrettelegge samfunnet slik at det motiveres til å følge de 10 bud" gå over til å stemma FrP?

Folkeførar Jensen er dyktig, men ikkje for dyktig til at det er verdt å ta opp kampen. De er vår plikt (de som er einige med meg) å fortleja desse forførte sanninga. For deira eigen og Guds skuld.

For så høyt elsket...

Ingen kommentarer: