torsdag 29. november 2007

Å ta kontakt kan vera krevjande. Det å ikkje lata som om alt er som det skal er ei utfordring. Likevel er det kanskje det dummaste ein kan gjer. Då er det godt å verta møtt med eit snev av initiativ ein sjeldan gong. Det er faktisk fantastisk når andre tek kontakt. Når ikkje alt fell tilbake. Det gjorde meg oppløfta. Kan det vera at det har vorte sett? Eg undrast.

Ei lita oppmuntring i ein regntung og sørpete november:

"Nå er dere bedrøvet, men jeg skal se dere igjen, og deres hjerte skal bli fylt av glede, og ingen skal ta gleden fra dere."
(Joh 16,22)

Han er trufast! Stor er hans truskap!

Eg skulle ønskja me kunne gjera noko interessant. Eg skulle ønskja det ikkje var lagt opp på denne måte no i haust. Kvifor vart det ikkje lagt opp slik som i fjor? Då var det mykje betre. I alle fall for meg. Tenk å kunne gøyma seg i ei god bok, eller verta overvelda av eit dikt eller ein song. Det er noko eg lengtar etter som eg trur kjem med mørkret. For mørkret er kome, og eg likar det overraskande godt. Skulle berre ønskja det gjekk ann å tenna lys i mørkret, men vent litt: det går jo ann!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Forrige år er gått, men jeg lengter ein bisschen tilbake. Det var på en måte så bekymringsløst, og vi hadde fortsatt over et år til vi skulle gå ut tredje. I år er det tyngre og mørket er her nå. Heldigvis er det adventstid i morgen! Det å ta seg tid til hverandre er viktigst i en slik tung tid. Blessings

Anonym sa...

Merkeleg som Raggz har da med å sei cirka akkurat da eg hadde tenkt å sei i dag. Takk :)

Anonym sa...

Skulle ønskja eg var betre til å berre vera der... Samstundes er eg glad eg tok feil.