tirsdag 6. november 2012

Det gode liv

Av og til tar eg meg sjølv i å tenkja at det gode liv er ha det mest mogleg komfortabelt, minst mogleg utfordringar og berre å leva livet utan ansvar eller bekymringar. Det er rimeleg fantastisk å leva slik, og eg har gjort det lenge, fordi eg har villa og valgt det slik.

Denne hausten har eg byrja å gjera meir av det eg ikkje er god på; det som kostar tid, konsentrasjon og krefter.

Av og til hatar eg det, fordi det er så inderleg kjedeleg og det kostar så mykje.
Då vil eg helst gje opp og gjere noko anna, noko enklare.

Av og til elskar eg det, fordi det er så umåteleg fantastisk når ein meistrar noko nytt.
Då vil eg helst ropa og synga og la jubelen stå i taket. Av og til gjer eg nettopp det.

Eg har lenge lurt på kvifor i alle dagar eg er i Estland og studerer det eg gjer, men noko klårt svar har eg verken funne eller fått. Likevel har eg byrja undra meg over om eg ganske enkelt er her for å læra både kunnskapane eg tilegnar meg gjennom å studera, men kanskje at eg mest av alt er her for å læra at om ein ynskjer å oppnå noko, så vil det kosta krefter, tid og konsentrasjon og det ofte lite komfortabelt.

Det skremmer meg litt, men samtidig er eg glad for at eg lærer det no, og ikkje ein gong i framtida, og så er eg så uendeleg glad for at sjølv om noko kan kosta krefter og konsentrasjon så kan det vera så uendeleg kjekt samstundes.

Det er til og med ganske ofte rimeleg fantastisk.

Plar du å velga den mest komfortable vegen? Kanskje er han ikkje alltid best.

«Det gode er i mange tilfeller det beste sin største fiende.»


For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Oda sa...

Herlig Andreas :) du har en god dell gode innvendingar. Det liker jeg!

Andreas sa...

Takk Oda.