Når eg tar meg sjølv i å lese bøker er det eit teikn på at kvardagstempoet ligg litt under normalen.
Det er godt med ferie sjølv om dagane startar klokka 06.
Å arbeida praktisk i hagen er terapi for meg av og til.
Dei fleste stratgiar, idèar og tankar kjem medan eg held på med noko praktisk som for eksempel å slå gras eller spyle ein bergvegg fri for mose. Eller når eg står i dusjen etterpå.
Det er visst slik det fungerer har eg høyrd: hjernen fungerer best når me kombinerer dei 2 hjernedelane; den praktisk/kreative med den logisk/abstrakte, eller noko sånt.
Einstein formulerte visstnok relativitetsteorien medan han spela fiolin.
Eg slår berre gras og det er ikkje relativitetsteorien eg kjem på, men det er godt å kjenne at kroppen og kreativiteten lever sjøl etter eit skulefritt år der eg har vore nødt til å skaffe meg mine eigne nye impulsar.
Ein dag skal eg disiplinere meg, arbeide hardt, studere nøye og bli best i eit eller anna.
Kanskje MatteMatikk, ingeniørkunst, medisin, filosofi, historie, religion, teologi, økonomi eller noko anna. For det er ingen begrensningar for kva ein kan gjere.
Når eg er så priviligert at eg bur i Noreg og får servert alle moglegheiter på eit sølvfat.
Korleis kan eg la vere å gripe dei? Eg kan ikkje det.
Derre tenkt på kor mykje, mange ville gitt for å ha eit norks pass som kan ta deg kor du vil i verda. Kor eg vil i verda!
Det er ikkje så mange som har høve til å reise kor dei vil i verda. Eg må nytte meg av det høvet.
Gjer det at vi kjem frå Noreg med pass som kan ta oss kvar me vil oss eit ekstra ansvar for å fullføre misjonsbefalinga?
Vi snakker om at snart kjem det misjonærar frå Kina eller Afrika til Noreg, men dei kjem jo ikkje inn uten visum, og det får dei jo ikkje. Eg får visum kvar eg vil, kva tid eg vil.