torsdag 17. juni 2010

Frukost

Nypressa kaffi på presskanna og knekkebrød til frukost.

Det var godt.

Takk for kaffien du som lot han stå på trappa mi.

Eg har nesten vorte friganer.

No er alle reist. Det er stille.

Eg et frukost åleine.

Det er godt, men det er åleine.

Eg vil byrja skriva nyhendebrev.

For så høyt elsket...

onsdag 16. juni 2010

Fred

I natt var eg i fjellet og kjende på freden.

Det var kjekt.

Natta til munnleg eksamen for to år sidan sat ein noverande og ein tidlegare miljøarbeidar på ein grunnmur i Hegrehaugen og snakka om alt.

Det var også kjekt.

Dei fleste har lagt seg no.

For så høyt elsket...

lørdag 12. juni 2010

Utsendt

I 1947 tok Mao makta i Kina. Dette fekk uante konsekvenser. Den Norske Kinamisjonsforbund vart kasta på hovudet ut av landet. Dei skifta namn til Norsk Luthersk Misjonsamband (NLM) og hadde same året si største misjonærutsending i organisasjonen si historie. Det som i dag er Framnes Kristne Vidaregåande Skule var på den tida NLM sin misjonsskule i Noreg. Seinare flytta misjonskulen til Oslo og heiter i dag Fjellhaug Skoler. Det vart nemnt at den største misjonærutsendinga i det som faktisk er Nord-Europas sin største misjonsorganisasjon fann stad på Framnes, eller Prestholmen som det heitte i gamle dagar. Heile 100 misjonærar vart sendt ut. Hovudsakleg til Øst-Afrika/Afrikas Horn og spesielt Etiopia, der NLM fekk ansvar for å misjonera i Sør som nettopp var frigjeve frå Facist-Italia sin okkupasjon. Under kommuniststyre og blant titals språk og folkeslag vann og vinn dei framleis nye sjeler til Guds Rike. Januar 2009 sende den Lutherske Mekane Yesus-kyrkja i Etiopia ut sine første misjonærar.

I november 2007 fekk eg sjølv oppleva misjonsarbeidet sør i Etiopia på nært hald. Me reiste tre stykker for å vitja bistands -og evangeliseringsprosjekta me samla inn til gjennom det årlege misjonsprosjektet til Framnes Kristne Vidaregåande skule, der eg sjølv var elev fra 2005-2008. Eg byrja drøyme då eg var i Etiopia; om at Framnes på ny kunne vera ein misjonstasjon som sende ut 100 misjonærar for å vinna Verda For Kristus, som dei kaller det i NLM. Det eg ikkje visst var at dette allereie var ein realitet. Det hende rett for auga på meg utan at eg oppdaga det; Hundrevis av ungdommar vert kvart år utrusta på Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Det vert forandra av å høyre Guds ord, å reiser ut i verda for å gjera ein forskjell der dei kjem. Ikkje alle vert kjende med Kristus i løpet av Framnestida, men likevel vert dei forandra og sendt ut. Det er fantastisk.

I kveld skjer det igjen. 90 19-åringar som har gått eitt, to eller tre år på Framnes skal sendast ut for å gjera ein forskjell på sine heimplassar, sine arbeidsplassar, sine bygder og i sine familiar. Det er virkelig fantastisk.

Sjølv om det ikkje er like mange som i 1947 trur eg desse 90 kjem til å forandre verda på mange område og i minst like stor grad som dei gjorde i 1947. Nokre vert kanskje lærarar, eller misjonærar, eller fotballspelarar, eller prestar, eller legar, eller sjukepleiarar, eller samfunnsvitarar, eller handverkarar, eller akademikarar, eller professorar, eller politikarar, eller evangelistar, eller forkynnarar, eller fedre, eller mødre, eller besteforeldre, eller rektorar, eller reinhaldarar, eller kjøpmenn, eller mekanikarar, eller soldatar, eller sjåførar, eller...

Det som er sikkert er at verda ikkje kjem til å verte den same etter denne utsendinga.
For så høyt elsket...

mandag 24. mai 2010

Å segla Jorda rundt.

I går var ein fin dag. Heile 23 menneske valde å koma til Moldahaugane 18. Det var kjekt.

Folk kom frå fjern og nær: Rossland, Peru, Voss, Skottland, Sotra, Australia, Karmøy, Argentina, Sandviken, Chile, Landås, Brasil, Åsane, Guyana, Fusa, California, Oslo, Kroatia, Askøy, Sydnesplassen, Etiopia, Orkdal, Kenya, Øystese, Frankrike, Norheimsund, Sverige, Eikelandsosen, Eikedalen, Tunisia, Toten, Leiknes og andre eksotiske plassar. Mange av dei som kom har vore ute og opplevd den store verda det føregåande året, og endå fleire skal ut og oppleva verda det komande året. Reisene går til USA, Den Dominikanske republikk, Costa Rica, Verda rundt og andre kjekke land og stader. Nokre eg kjenner som gjerne ville koma, men som ikkje hadde høvet, skal til og med flytta til eit anna land, og det utan returbillett. Det er tøft det.

Eg har kjøpt meg seglarsko på halv pris på Mo Sport AS og er klar til å segle jorda rundt. Eller i alle fall Europa i første omgang, dersom nokon har ein seilbåt til overs. På Finn.no gir dei berre bort sjarkar med hol i botnen.

200.000 nye arbeidere på sjøen, det hadde vore noko det.

Skal du vera med til Estland i sumar?

For så høyt elsket...

lørdag 22. mai 2010

Impulser

Opplevelsen av nye kulturer, smaker, lukter med meir er herleg.
Dalmatia er vrikelig Middelhavet slik det en gang var.

En ting blir mer og mer tydelig; det man opplever sammen med de man er glad i er de mest fantastiske opplevelsene. Ellers er det bare en opplevelse man ikke kan se tilbake paa og glede seg sammen over.

Takk og farvel fra Kroatia, Split AirPort.

For så høyt elsket...

fredag 14. mai 2010

Spikeren på hovudet

I veka som var sov eg ikkje mykje om nettene. Me sat oppe og prata om mykje og mangt, om livet og lekser og lusking rundt internatet. Eg hadde nesten gløymt at eg hadde ein blogg før det var ei som sa: "Du oppdatere ikkje bloggen din møkje." "Ikkje gidd å bare skriv om politikk då," sa ho og.

Eg byrja å bla, sjå attende gjennom eldre innlegg. Då kom det til meg, eg hugsa det att: alt det gode, alt det spanande, gleda ved å skriva, alt det tåredryppande, sårande, lattermilde, levande.

Eg har gløymt å skriva om andre ting enn politikk i det siste. Det har gjort tilværet bortimot svartkvitt, fargelaust, kjedeleg; Livet mangla.

Utan liv vert politikk meiningslaus, samtidig er livet vanskeleg å leva utan politkk.

Igjen vil eg freista å dela tankar, ord og gjerningar; kjensler og opplevingar. Alt det gode, vonde og alt det andre.

Der traff du både meg og spikeren på hovudet.

Ein fasinasjon spreier seg.

PS: har du nokon gong lagt merke til korleis fasinasjon liknar på fasistnasjon?

For så høyt elsket...

torsdag 22. april 2010

Silikonpupper og Hijab.

Espen Ottosen seier det bra:

"Statens penger er ikke bare flertallets penger. Derfor er det urimelig at kristne, som også betaler skatt, fratas støtte fordi de vil at barna går i en kristen barnehage. Og når kommer forslaget om å ta barnetrygden fra muslimer som lærer opp barna sine i tradisjonelle kjønnsrollemønstre?"

"«Staten skal ikke finansiere diskriminering,» roper politikere i SV for å fortelle hvorfor de nekter statsstøtten til trossamfunn som motarbeider likestilling. Bak den forlokkende retorikken finner vi imidlertid pur intoleranse. I det øyeblikket bare de trossamfunnene som stiller seg bak norsk likestillingsideologi skal støttes, blir de som tenker og tror annerledes diskriminert."


Stiller forbud mot Hijab i samme kategori som forbud mot silikonpupper?

For så høyt elsket...