Av og til tar eg meg sjølv i å tenkja
at det gode liv er ha det mest mogleg komfortabelt, minst mogleg
utfordringar og berre å leva livet utan ansvar eller bekymringar.
Det er rimeleg fantastisk å leva slik, og eg har gjort det lenge,
fordi eg har villa og valgt det slik.
Denne hausten har eg byrja å gjera
meir av det eg ikkje er god på; det som kostar tid, konsentrasjon og
krefter.
Av og til hatar eg det, fordi det er så
inderleg kjedeleg og det kostar så mykje.
Då vil eg helst gje opp og gjere noko
anna, noko enklare.
Av og til elskar eg det, fordi det er
så umåteleg fantastisk når ein meistrar noko nytt.
Då vil eg helst ropa og synga og la
jubelen stå i taket. Av og til gjer eg nettopp det.
Eg har lenge lurt på kvifor i alle
dagar eg er i Estland og studerer det eg gjer, men noko klårt svar
har eg verken funne eller fått. Likevel har eg byrja undra meg over
om eg ganske enkelt er her for å læra både kunnskapane eg tilegnar
meg gjennom å studera, men kanskje at eg mest av alt er her for å
læra at om ein ynskjer å oppnå noko, så vil det kosta krefter,
tid og konsentrasjon og det ofte lite komfortabelt.
Det skremmer meg litt, men samtidig er
eg glad for at eg lærer det no, og ikkje ein gong i framtida, og så
er eg så uendeleg glad for at sjølv om noko kan kosta krefter og
konsentrasjon så kan det vera så uendeleg kjekt samstundes.
Det er til og med ganske ofte rimeleg
fantastisk.
Plar du å velga den mest komfortable
vegen? Kanskje er han ikkje alltid best.
«Det gode er i mange tilfeller det
beste sin største fiende.»
For så høyt elsket...